[ Tilbake ]

 Vetleløebukk 29. oktober 2012

Endeleg fullmåne og skyfritt! Asle og Ove kom inn til Supphelledalen i 19 tida. Asle gjekk til Daurmåla medan Ove gjekk inn i Vetleløa. Første timen kom det ikkje dyr korkje i Daurmåla eller ved Vetleløa men kl 20:30 vart Ove vâr eit dyr som kom ned ved Litimoråkeren. Dyret kryssa vegen og hadde dårleg tid, ei lita stund etter var dyret på veg ned i retning mot skogen ved Storelva, Ove ropte men dyret ville ikkje stoppe, så hoppa dyret over kanalen ved Slåttao, då stoppa det opp eit øyeblikk og dermed smalt det. Dyret sprang så i full kave i 25-30 meter før det gjekk ned. Så var det til å slakte, grunna det kalde været tok dei med seg dyret inn att til garasjen til Asle slik at avkjølinga ikkje skulle skje så altfor fort.

Ove og årets Vetleløebukk, Mira ville vera med på bilete og :-)