[ Tilbake ]

 Bjåstadbukk 27. oktober 2012

I dag var det Bjåstad som stod på programmet. Asle og Tormod gjekk opp Bjåstadalen, der Tormod skulle posterte like ved Fjellstødl og Asle på toppen av "Kløvjinga" (fare for at namnet er feilskrive). Karane var på veg opp då Ove såg ein bukk som stod litt høgre enn midtlides. Ove tok bilete av bukken med mobiltelefon og kikkert, og sendte bilete til dei to som var på veg til postane sine. Det blei bestemt at Ove skulle prøve å få dette dyret framover mot posteringsplassane. Etter at karane var komne på postane sine, starta Ove med jaginga opp og fram over Bjåstaddalen. Det skulle ta si tid, 25-30 cm med nysnø i brattlendt terreng tek på. Om lenge og lenger enn lenge kom det melding frå Tormod om at bukken og ei fjorkolle kom mot han. Like før han skulle skyte snudde dyra, fjordyret returnerte i retning Ove medan bukken byrja å gå oppover mot toppen der Asle sat. Det gjekk nokre minuttar så lydde det eit skot og Asle meldte at han hadde skote ein passeleg bukk. Etter utvomming var det å byrje å dra dyret nedover dalen. Ove var tømt for energi, eller var det enersji det heitte ;-) og starta på returen frå Fjellstødl medan Asle og Tormod slepa dyret så langt ned som dei kunne før det blei for mørkt, deretter pakka dei dyret inn i Jerven King Size duk og returnerte ned.

Asle med Bjåstadbukken sin