[ Tilbake ]

 Daurmåla 10. oktober 2012

Trygve og Ove tok seg ein ettermiddagstur til Supphelledalen. Trygve plasserte seg i bua på Daurmålsmarka medan Ove sette seg inn i Sigurdløa på Fremsteteigen. Det hadde ikkje teke langt tid før Trygve meldte på radioen at han såg eit dyr oppe til venstre for snøen. Ove sa at Trygve kunne prøve seg på dyret då tida var på vår side. Trygve fann så ut at han ville prøve og spurte om Ove kunne vegleie han og seie kva dyret gjorde medan han kom i posisjon. Problemet var berre at Ove ikkje såg så mykje av sjølve Daurmåla så han ringte ned til Randi for å høyre om ho kunne vegleie Trygve, noko ho ville. Det første ho sa var; "No gjekk dyret inn i noko bas og blei vekke", ei lita stund etterpå sa ho "No har dyret reist seg og går raskt nedover, no stoppa det, no går det vidare". Nokre sekundar seinare smalt det og Trygve hadde fått kalven sin. Kalven var ikkje større enn at Trygve tok han med seg ned resten av skrea og ned på marka der bilete vart teke. Ei vellukka lita ettermiddagsjakt var dermed eit faktum

Trygve og Daurmålskalven