[ Tilbake ]

 Endrefjellet 27. september 2012

Trygve og Asle reiste inn på Berge i 17-tida for å gå opp på Endrefjellet å jakte om kvelden. Asle posterte ved godsteinen litt inne på Endre medan Trygve fylgde stien litt vidare for så å ta seg opp litt mot skreene. Dette gjorde at karane kunne kikre til kvarandre. Det hadde ikkje gått så veldig lang tid før Trygve såg ei kolle med kalv kome opp frå Bukkali, dette samtidig med at skodda hadde byrja å kome. Han gav beskjed til Asle om at det kom kolle og kalv mot han og at avstanden var ca 300 m. Etter berre nokre sekundar kom det ny beskjed frå Trygve om at no burde Asle reise seg for dyra var temmeleg nær han. Asle reiste seg forsiktig og der såg han øyrene til kolla på 20 m hald med kalven 10 m bak, Asle lirka rifla i posisjon, fann kalven i siktet, skaut og kalven datt. Kolla for springande vidare, han hadde tenkt å ta den og men skodda lurte han, kolla sprang rundt og bjeffa ein liten halvtime etter at kalven var felt men Asle klarte ikkje å finne ho i skoddehavet.

Asle og kalven