[ Tilbake ]

 Under Trygveholten 15. september 2012

Asle og Trygve gjekk opp over tunnelltaket (Frudalstunnellen) medan Tormod og Ove gjekk opp til Heimastødl for å kikre til dei to på andre sida av elva. Ingenting å sjå så då var det for Tormod og Ove å kome seg framover, Tormod gjekk til til Fjellstødl medan Ove gjekk eit stykker framom der vi har ein gapahuk. Trygve og Asle dels lurjakta seg framover og dels hadde dei eit jag fram til Fjellstødl men noko dyr kom ikkje så då var det å blåse av jakta, men akkurat då kom det ein stor bukk gåande på andre sida av Besselva, rett ovanfor Ove. Dyret datt det og Ove hadde fått seg ein 14 taggar.

14 taggaren og Ove