[ Tilbake ]

 Tormodsplass 1. september 2012

Ny sesong og nye mulegheiter! Vi reiste inn til Supphelledalen kl 05:30 første jaktdagen. Vi observerte kolle og kalv i Hesjebakkane då vi kom inn men ville kikre litt meir før vi starta så difor køyrde vi ned til Ingvar for å sjå framover frå Kvannskrea til Merkjeshammaren. Etter relativ kort tid såg Ove nokre dyr i rørsle nede ved Daurmålsmarka, dette var dyr som trekte framover. Tormod posterte på Tormodsplass, Trygve ved Geitasteinane og Asle nedom Beitabakken, Då dei var komne på plass byrja den faste jagaren, Ove, å ta seg framover. Etter ei stund høyrde Ove ei fælandes skriking, det var Asle som prøvde å stoppe ein spissbukk og ei fjorkolle, dette lukkast ikkje og dyra sprang opp Beitabakken og framover mot Tormodsplass. Det skulle ikkje gå langt før vi høyrde 3 skot og dermed var kolla og bukken felt. Flott start på dagen, men det skulle bli meir denne dagen :-)

Bukken og kolla. Bilete er teke etter at dyra er dregne ned til elva