[ Tilbake ]

Spissbukken i Oveskrea 1. september 2012

Etter at Trygve hadde skote kolla vart det slakting på Neset. Då slaktinga var ferdig reiste Trygve og Ove frå Fjærland med slakta. Etter å ha fått dei på plass var det å returnere til Supphelledalen. Då vi var komne til Tylden fekk vi SMS om at Tormod og Asle hadde observert bukk i Oveskrea, litt framom Stølsskrea framme i dalen. Neste SMS vi fekk hadde teksten "Bingo", då var det å ringe for å høyre. Tormod hadde kikra frå Strunkesida og dirigert Asle mot spissbukken som dei hadde observert. Asle hadde store problemer med å sjå dyret grunna den høge blomen men Tormod hadde kontrollen, så då Asle var 100-130 meter frå der bukken stod fekk han sett den. Dermed var 4. og siste dyret for dagen felt. Etter dette var det for Asle å få bukken ned på flata, ikkje nokon enkelt jobb takka vera Dagmar, men han fekk det til sjølv om det kosta.

Spissbukken i Oveskrea