[ Tilbake ]

 Bjåstadkolle 13. desember 2011

Johannes og Aud spurte oss om me kunne tenke oss å jakte på Bjåstad frå hausten av, me sa at det kunne vi jo prøve og om det bydde seg ein anledning så kunne me ta ein tur eller to no i desember om ikkje anna for å bli litt kjent i terrenget. Trygve og Ove tok ein tur på søndag, denne turen blei resultatlaus men me såg fort at me måtte angripe terrenget på ei anna måte enn det me gjorde. Så i dag tok Asle og Ove seg ein tur, og med erfaring frå søndag vart opplegget endra. Me såg ei fjorkolle stå i lia over, og noko framme mot tunnellinnslaget. Ove gjekk ned til Bjåstad medan Asle gjekk opp over tunnelltaket og sette seg på post. Ove gjekk opp til nokre hamralag og tok seg framover til der han meinte dyret skulle vera. Då Ove var komen til plassen der dyret "skulle" stå, smalt det framme hjå Asle og kolla datt. Etter dette var det å ta dyret ned att til Bjåstad, noko som skulle vise seg å vera ein del enklare enn me hadde trudd.

Første dyret som me har skote på Bjåstad