[ Tilbake ]

 Spissbukk Endrefjellet 6. november 2011

Vi var mannsterke då vi skulle jage Hovdali og Bukkali i dag, jaktlaget som mønstra var Ivarfabro, Trygve, Tormod, Asle og Ove. Vi starta dagen med at Trygve og Tormod gjekk opp på Endrefjellet medan Ivarfabro posterte ved granane på Midtstødl. Då dei var vel på plass starta Asle og Ove jaget oppover, Asle gjekk høgt oppe og Ove midtlies. Ikkje mykje ferske far å sjå før vi nærma oss Endrefjellet. Då vi kom oss opp til myrane før Endrefjellet, kom Trygve inn på VHFen og sa til Tormod at det kom ein bukk opp mot Endre og rett på han. Eit par minuttar etter var bukken på bilete felt. Årets første dyr for oss på Berge. Etter dette slepte Tormod bukken ned att til Midtstødl medan Ove bar rifla til Tormod ;-) No var vi klar for nytt jag, denne gangen Bukkali. Tormod gjekk fram til Fjellstødl medan Ivarfabro og Ove også gjekk framover mot Fjellstødl, dei som no posterte var Asle og Trygve. Då Tormod var klar starta Ivarfabro og Ove jaget mot Endrefjellet, men no på andre sida av elva opp mot Endre. Dette jaget vart resultatlaust så då jaget var slutt var det berre å kome seg ned att til Midtstødl for å få dyret heim til Heimastødl, der stod ATVen klar for frakt av dyret til Supphella. Etter å ha fått hjorten opp på ATVen køyrde Ivarfabro hjorten på plass, dette medan resten av jaktlaget kom bak med følgebil :-)

Spissbukk på Endrefjellet