[ Tilbake ]

 Vetleløa 14. oktober 2011

Ove kom aldri i gang med jaktinga på onsdag då alle tre fekk hendene fulle med å slakte bukken til Tormod og kolla til Asle så difor bestemte han seg for å prøve å jakte på fullmånen natta etter. I halv eit tida om natta kom det ein stor bukk gåande omlag midt mellom Vetleløa og skogen nede mot elva. Haldet var i lengste laget så denne bukken fekk gå. I halv tre tida byrja bukkane å brøle for fullt, på det meste var det kanskje 5 bukkar som brøla samstundes. Ein bukk brøla nær Ove men han stod litt vanskeleg til så Ove prøvde å bure han til seg, det som då skjedde var at ein anna bukk kom som ei kule og klinsja saman med bukken Ove hadde prøvd å lokke til seg. No blei det ein skikkeleg kamp som vara i mest 45 minuttar, dette medan Ove hadde orkesterplass til kampen. Diverre så flytta bukkane seg lenger og lenger av stad frå der han sat. Etter kampslutt sprang den eine, med nokre grynt, framover dalen, medan den andre, sikkert godt medteken, seig ned i noko vatn og vart liggande i minst 5 minuttar. Ei stund lurte Ove på om han heldt på å daue, men det gjorde han ikkje, han kom seg omsider på beina att og gjekk inn i skogen og fortsette med buring. No prøvde Ove å bure til seg denne og vanskeleg å be var han ikkje, han trudde vel det var ein liten rotabukk som ville prøve seg (Ove si stemme er ikkje akkurat nokon storbukk verdig). Han kom som ei kule ut av skogen og rett mot Ove og ein halv minutt etter var han felt. Dermed hadde Ove fått seg ein kronhjort.

Vetleløebukken