[ Tilbake ]

 Sigurdløebukk 12. oktober 2011

Eit lite kvarter etter at Asle hadde skote kolla på Brehaugane smalt det på nytt. Denne gangen var det Tormod som felte ein 6-taggar ved Sigurdløa. Vi har ei stund sett ei kolle med kalv som har hatt tilhald i dette området. Desse dyra kunne vi ha skote tidlegare men vi har valt å frede desse i håp om at kolla der ville dra bukk til området, noko ho no hadde gjort. Kolla og kalven kom først ned frå fjellet og fekk gå, så blei Tormod vâr eit dyr til oppe i bakkehallet og der kom bukken han og felt blei han.

Sigurdløebukk