[ Tilbake ]

 Fjorkolle i Ali 25. september 2011
 

Tormod og Ove reiste frå Sogndal kl 07:45 i dag tidleg. Planen var å kikre litt for å sjå om dei kunne sjå dyr å jakte på. Etter å ha kikra nede hjå Ingvard og ikkje sett noko, ville dei køyre fram Brevegen for å kikre meir. På vegen fram såg dei kolle og kalv i bakkehallet ved Fremsteteigen, desse forsvant til skogs før karane hadde fått parkert og gjort seg klare. Framme ved Breen kikra dei framover i dalen og høgt opp og heime i Hesjebakkane såg dei ein bra stor bukk. Det blei ikkje prøvd på denne då dei heller bestemt seg for  å prøve Ali.

Tormod gjekk opp og på plass, så byrja Ove jaget. Tidleg såg Ove eit ferskt far som han følgde etter, det kunne sjå ut som om dyret held slik passeleg avstand til Ove heile tida men akkurrat så langt framom at Ove aldri fekk sjå dyret. Då Ove var omtrent oppkomen til Tormod og skulle til å avbryte jaget så smalt det. Dyret, ei flott fjorkolle, kom rett på Tormod og dyr nr. 5 denne sesongen var ein realitet.

Tormod med flott fjorkolle