[ Tilbake ]

 Storbukken på Brehaugane 23. september 2011
 

Ove og Tormod tok turen inn i Supphelledalen fredags ettermiddag, Ove sette seg i Daurmåla medan Tormod tok turen fram på Brehaugadn. Ikkje dyr å sjå nokon av plassane men Tormod meinte det måtte vera dyr på, eller rundt, Brehaugadn så han prøvde seg på buring, etter å ha bura to ganger med 10 minutts mellomrom kom bukken i full fart ut av granene og rett mot han. Bukken snusa i bakken og kom på veldig kort skytehald og dermed datt han og dyr nr. 4 for sesongen var ein realitet. Vi trudde at det var ein relativ liten bukk og stor var overraskinga då vekta på bukken viste seg å vera heilte 130 kg, det er ikkje kvart år vi skyt så store bukkar i Supphelledalen.

Storbukken på Brehaugane og Tormod