[ Tilbake ]

 Daurmåla 10. september 2011
 

Jaktstart og tidleg inn til Fjærland for å sjå om det var dyr på bøen. Det var det kanskje men tåka låg grauttjukk slik at me berre hadde ein 30 - 40 meters sikt. Vi bestemte oss etter ei tid for å prøve oss i Daurmåla/Beitabakken og frametter. Trygve, Tormod og Asle posterte medan Ove skulle løyse dyr til posteringsjegerane. Etter å ha gått ei stund høyrde Ove ei grein som blei broten, han gav beskjed på radioen og 10 minuttar etterpå fekk Trygve seg ei gjellkolle. God start sjølv om været knapt var på vår side.

Trygve med årets første