[ Tilbake ]

 Kolle og kalv i Ali 19. desember 2010
 

Etter over ein månad med turke i hjortejakta så skulle det endeleg lukkast att i dag. Seinast i går, laurdag, hadde me direkte utur på Berge, me hadde fått dyra til å  bevege seg akkurat slik me ville, men 100 meter før posten vår snudde dei og for innover mot Fjærland, korleis det gjekk an forstår me ikkje heilt men dei klarte det. Så i dag ville me prøve oss på dei to siste dyra våre i Supphelledalen. Då me køyrde inn såg me eit dyr rett under Knubben, dermed tok me eit velprøvd jag og det lukkast 100% og dei to siste dyra våre der inne var felte av Tormod. 

Latterkrampen til to av jegerane hadde ikkje noko med dyra å gjera men meir med fotografen som du ser bilete av under.

Asle med kolla og kalven