[ Tilbake ]

Spissbukk Bjødnahammaren 7. november 2010
 

Asle, Tormod og Trygve skulle ta ei siste overnatting på Fjellstølen for å finne ut om det var meir å jakte på så langt inne i dalen. På veg inn laurdag fekk me auge på eit dyr i Ali og bestemte oss for å prøve på det. Ivar vart med på laget. Dyret lurte oss og for truleg mot Skarstad. Me gikk fram til Strunka og posterte ute om kvelden utan at me såg noko som helst. Det var sparsamt med spor så langt framme. Det vart ein kjekk kveld med god mat og drikke. Morgonjakt med Tormod på Strunka, Asle i Brehaugane og Trygve høgt i Stølsskreda ga ingen uttelling. Me pakka og drog heimover og bestemte oss for å prøve eit jag i Aoreskreda. Det resulterte i fin spissbukk som kom rett på posten og datt.

Trygve med spissbukken