[ Tilbake ]

Lassebakken 22. oktober 2010
 

Då var Ivarfabro komen på plass, han hadde ikkje vore her meir enn nokre få dagar då første dyret, ein hankalv, vart felt i Lassebakkskrea. Ove og Ivarfabro sette seg ut i 23-tida for å jakte i månelyset. Ivarfabro såg tidleg bukk og nokre andre dyr fremst i Bjødleskrea (marka), men desse ville ikkje ut på, tvert i mot så samla bukken dyra og fekk dei vidare framover i dalen. Då jakta omtrent var over gjekk Ivarfabro stølsvegen heim, då han kom til Sigurdløa vart han vâr ein einsleg kalv ved Lassebakkskrea, denne vart felt og Ivarfabro hadde fått sesongen sitt første dyr.

Ivarfabro med kalven