[ Tilbake ]

Kronhjort Endrefjellet 12. oktober 2010
 

Asle og Ove prøvde seg på Berge den 10. denne månaden, men såg ingenting. Karane ville difor prøve seg igjen i dag. Ove gjekk til gapahuken medan Asle gjekk opp på Endrefjellet for å postere på myrane til venstre når ein kjem opp. Vinden var imidlertid vanskeleg så Asle kryssa difor elva for å finne seg ein ny plass lenger mot høgre. Asle hadde ikkje meir enn funne ut kvar han skulle vera då han blei obs på to dyr som kom luntande rett over steinen han no postere ved. Asle måtte gøyme seg bak steinen og straks etter kom kolla tilsyne, men i dag ville Asle ha noko større og bukken kom den og kom ikkje vidare.

Dagen etter var det dags for å få bukken heim, Asle, Tormod og Ove gjekk opp på Endrefjellet etter at dei hadde jakta utan resultat i Supphelledalen. Asle og Tormod slepa bukken ned til Midstødl der Johnny og Trygve kom til for å bære slakt.

Kronen og Asle

Det var kaldt på Endre denne dagen så difor pakka me han inn før me reiste heim
då me først dagen etter ville få han med oss heim