[ Tilbake ]

Lassebakken 24. sept. 2010
 

Tormod og Ove reiste inn fredagsettermiddag for å sjå om det kom dyr ned på marka når det byrja å skymast. Ove sette seg i Glashuset medan Tormod sette seg inn i Sigurdløa. Framme ved Sigurdløa hadde jaktlaget ved fleire høve, dei siste kveldane, sett ei einsleg kolle og i kveld skulle det endeleg lukkast å få ho. Kolla let lenge vente på seg men til slutt kom ho ned på marka og datt gjorde ho. Dermed hadde jaktlaget fått det fjerde dyret denne sesongen. Kolla var bra, stor men så stor som bilete gir inntrykk av var ho nok ikkje. Etter slaktinga gjekk Tormod og Ove på lys fram til Fjellstødl, vel framme vart det å lage middag, blei litt sein middag, kl 02:00 om natta er vel neppe normal middagstid, men ytrefileten var like god den sjølv om det vart seint, for ikkje å snakke om standard desserten :-)

Lassebakkolla og Tormod