[ Tilbake ]
Nyebua 21. sept. 
2010
 
| 
			 I kveld skulle Nyebua krympast. Ivarfabro har i sommar jobba i fleire veker for å bygge ho ferdig. Til byggmaterialar vart nytta dels materialar frå Ove sitt hus, dels noko frå Ingvar og dels noko som Ivarfabro kjøpte inn. Asle fekk æra av å vera førstemann i bua og det skulle gå veldig bra. Ove sat i tårnet og observerte, etter ei stund, eit einsleg dyr langt oppe i Almerinden. Han gav Asle melding om dette og etter ein 20 - 25 minuttar fekk Asle auge på bukken og datt gjorde den :-) No var det å vente litt til Ingvard hadde gjort ferdig fjøsstellet og køyrde bukken til tuns slik at me fekk slakte den før me glad og lukkelege kunne reise heim att.  | 
		
| 
			 
			  | 
		
| 
			 Asle og Nyebubukken  |