[ Tilbake ]

Tormodsplass 18. sept. 2010
 

Jaktlaget hadde fått nye oppdateringar på dyr som stod i Beitabakken; 2 bukkar, kolle og kalv og eit ukjent. Med fire mann var jaktlaget relativt sikre på at ein i dag skulle få eit par dyr. Så enkelt skulle det ikkje bli, Ove fekk framover nokre dyr men dei fordufta som så ofte før, dei einaste dyra som kom fram til postane var ei kolle og ein kalv som kom til Tormod. Kolla og kalven stoppa opp ein 10 meter frå Tormod, Tormod skaut kalven medan kolla skar ned og framover mot Asle, men han skulle aldri få sjå kolla, kvar ho gjorde av seg skal vera usagt, men vekke var ho.

Tormod med Beitabakkekalven