[ Tilbake ]

Oveskrea/Bjødnahammaren 10. sept. 2010
 

Så var ny jaktsesongen i gang, heile jaktlaget reiste inn på Fjellstødl på torsdagen, tidleg fredagsmorgon var me i gang. Asle gjekk opp Hardbakkeskrea og fram til Buskrea, Tormod gjekk opp på Strunka, Trygve gjekk opp i Stølsskrea, Ove gjekk opp til Bjødnahammaren/Oveskrea og Johnny gjekk fram til Mikkelstødl. Dels skulle me kikre og dels skulle me få fram dyr til kvarandre. Etter ei stund såg Tormod eit dyr som låg høgt høgt oppe i Langeskreedn. Etter ei stund byrja dyret å beite, Tormod spurte då om det var nokon som kunne tenke seg å kome seg fram heimom Styrkhammrane og så gå opp til fjells, han fekk dårleg respons på førespurnaden, det blei heilt tyst på VHF sambandet. Til slutt sa Asle at han kunne prøve, Asle hadde gått lengst denne dagen men forstod at ingen andre ville "ofre" seg. Han fekk ei bra reise, men kom seg opp og byrje få dyret heimover mot Ove. Til slutt vart det så pressa at det sprang rett nedover mot Ove, Ove skaut og me hadde fått årets første dyr. Om kvelden gjekk to av oss oss fram på Mikkelstødl og ein fram mot Gamlestødl, men ikkje eit einaste dyr å sjå.

Ove med ein bukk, rett nok ikkje den som vart skoten, men då me ikkje tok
bilete av den så blei det bilete av ein annan