[ Tilbake ]

Beitabakken 7. oktober 2009
 

Tormod og Ove reiste inn til Fjellstødl på tysdag men før me reiste fram prøvde me oss på ein bukk i Beitabakken. Bukken oppdaga nok aldri at me prøvde å få nærkontakt med han. Bukken for framover medan me tenkte han skulle heimover. Det var nok bukken som tenkte feil :-)

På onsdagsmorgon prøvde me oss på Strunka og i Svartøyadn men her såg me ikkje dyr, medan me holdt på kom Randi inn på VHFen og sa at ho såg dyr på svodn heimom Beitabakken. No vart det full fart, først til Fjellstødl og så vidare heimover. Tormod gjekk opp til Tormodssplass medan Ove skulle til Daurmåla for å jage dyra fram og oppover mot Tormod. Ove gjekk høgt opp heime i Daurmåla  og fram i retning svådn der Randi hadde sett dyra stod på. Då Ove var komen halvveges inn på det første svaet kom Randi inn og sa at no for dyra opp og fram i retning Tormod, men noko smell kom ikkje. Dermed fortsett Ove framover på svaet og byrja og ta seg opp den siste biten til Hamralaget. Etter ei lita stund så gjekk det eit smell og Tormod hadde fått seg ein fin ein 8-taggar. Kolla og kalven passerte Tormod på ca 5 meter, dei skar ned rett ved Tormod og forsvann framover.

Tormod med 8-taggaren