[ Tilbake ]

Endrefjellet 12. desember 2009
 

I dag var det tid for jag i Storali. Tormod og Ove gjekk opp over Frudalstunnellen og jaga frametter Storali. Johnny posterte ved dei nederste granane heimom Midtstødl medan Trygve posterte i Gapahuken mellom Midtstødl og Fjellstødl. På vegen fram støkka Trygve opp kolle og kalv ved brua framom Midtstødl, ingen skotsjans. Då jagarane hadde gått eit stykke framover kom det to bukkar springande framover mot Fjellstødl, ingen skotsjanse på desse heller. Etter endå ei lita stund kom det kolle og kalv fram på myra men desse valde diverre "feil" oversprang så det vart ikkje skotsjanse på desse heller. Då Ove byrja nærma seg granane ved Midtstødl losa han ein liten bukk som for opp mot Legdene og forbi Tormod. Tormod fekk ikkje dyret reint for bas så denne vart det heller ikkje løyst skot på. Etter dette gjekk Tormod og Trygve på kvart sitt spor opp Bukkali mot Endrefjellet. Tormod såg att den eine bukken som hadde passert Trygve tidlegare, denne sprang nedatt mot Ove men han fekk aldri sett han. Trygve såg kolle og bukk då han kom opp på Endre, han skaut fjorkolla medan bukken fekk gå.

Trygve med fjorkolla på Endrefjellet