Snart fullmåne og turen gjekk til Supphelledalen for
Asle, Tormod og Ove, denne gangen reiste karane veldig tidleg,
klokka var ikkje meir enn 15:00 då dei kom dit.
Tormod gjekk først opp i Ali og var der til dagslyset forsvann.
Deretter plasserte han seg i tårnet på Neset og venta på månen. Asle
og Ove ordna først med slaktet frå i går før dei sette seg for
kvelden; Asle i Sigurdløa og Ove i Vetleløa. Kl 19:30 kom det to
spissbukkar inn på marka litt heimom Vetleløa, desse trekte fram mot
Ove som skaut den eine. Fleire dyr såg me ikkje i kveld men fornøgde
er me, etter omlag ein 14 dagars tørke fekk me denne helga to flotte
dyr, ei kolle og ein spissbukk. |