[ Tilbake ]

Ali 28. november 2009
 

Asle, Trygve, Tormod og Ove bestemte seg for at det denne helga skulle jaktast over ein lav sko. Helga byrja med at Johnny og dei andre reiste på Berge på fredags ettermiddagen. Her såg me ikkje dyr i det heile.

I dag tidleg vart det inn i Supphelledalen for å jakte. Taktikken gjekk ut på at Tormod og Trygve skulle gå opp i Ali medan Ove og Asle skulle gå gjennom granana for å prøve å løyse dyr mot dei andre to. Det hadde ikkje gått lange tida før Asle såg 3 dyr, kolle/kalv/fjordyr som hadde retning mot Tormod. Det gjekk ei god stund så endeleg gjekk det eit skot og Tormod hadde skote fjorkolla. Denne hadde kvite hasar slik som me har sett enkelte andre dyr der inne har.

Kolla og kalven bråsnudde ned att mot Asle men han fekk ikkje sett dei. Uansett eit flott resultat på jakta denne laurdagen.

Tormod med Ali kolla