[ Tilbake ]

Bjødnasteinen 14. november 2009
 

Tormod, Asle og Ove reiste frå Sogndal ca halv fire på fredagsettermiddag. Vel inne posterte Asle seg på Brehaugadn, Tormod i Ali og Ove ved Vetleløa. Då Tormod hadde vore i Ali ein times tid høyrde han at det kom dyr mot han men dyra snudde like før han fekk sett dei. Då jakta var over og Ove hadde vore nede for å henta Tormod såg dei at det stod tre dyr på Fremstamarki men då var jakta over for kvelden.

Laurdagsmorgonen var det meininga at karane skulle til Myrhaug men eit offseleg vær sette ein effektivt stoppar for dette, i staden blei det felling av trær og kløyving av ved. Då ein var ferdig med dette, og selet var klargjort, vart det heimover att. Planen var no først å jage Åreskrea og deretter å postere på Fremstamarki for å sjå om det skulle kome att dyr her.

Ove posterte ved Bjødnasteinen framom Åreskrehola medan Tormod og Asle gjekk heim for å sjå om dei kunne løyse dyr i skrea. Det hadde ikkje gått lang tid før Tormod kom inn på radioen og sa at han hadde løyst dyr, samtidig kom Asle innpå og sa at han også hadde sett dyret og at det var ein bukk. Ove såg etter ei lita stund eit dyr som kom framover og hadde retning under Bjødnahammaren og så forsvant det for han. Etter endå ei lita stund fekk Ove sjå bukken rett over seg, like før det ville forsvinna inn i skogen framom Bjødnasteinen. Bukken ein 8-taggar vart felt og jaktdøgnet enda godt for karane.

Ove med  8-taggaren