[ Tilbake ]

Brehaugadn 17. oktober 2009
 

Då var det dags for Asle og Ove til å ta seg ein tur inn på Fjellstødl for å jakte og overnatte. Karane reiste innover i 15 tida og på vegen opp blei det laga plan for korleis jakta skulle føregå; Asle på Brehaugane og Ove i elva ved Storegranden. Vel oppe på Stødl var det å få tinga inn i selet for deretter å setje seg ut i terrenget.

Kl 18:40 høyrde Ove eit skot men det var heilt daudt på VHFen, Ove trudde difor at de hadde vorte skote eit dyr på Øygarden eller kanskje på Grandavodl, men etter ei god stund kom Asle innpå og sa at han hadde skote ein bukk. Grunnen til at han ikkje kunne byrje å snakke med ei gong var at det også kom to koller til han. Desse fekk han diverre ikkje fri sikt til og dyra forsvann etter ei tid. Då Asle hadde skote og Ove var på veg ned for å hjelpe til trudde Asle at Ove tulla med han, det byrja å brøla der Ove skulle kome, men det var nok ein hjortebukk og ikkje Ove som heldt på. Det var stor aktivitet av bukkane denne kvelden, me høyrde kanskje fleire enn me nokon gong tidlegare hadde høyrt i dalen.

Etter utvombing og vel oppatt i selet vart det å lage til elgbiff frå ein av elgane Asle hadde skote på Phlate eigedommen i Binndalen, til kjøtet blei det servert urtegratinerte poteter, steikt shampignong, peppersaus og portugisisk raudvin (og ein liten calvados ;-))
.

Asle med  10-taggaren