[ Tilbake ]

Hovdali 16. oktober 2009
 

Trygve og Espen reiste inn tidleg i dag tidleg. Espen gjekk Fonnteigen medan Trygve skulle gå opp i Hovdali for å kikre til Espen. På veg opp såg Trygve ei kolle, han venta litt for å sjå om kolla hadde kalv, noko han ikkje kunne sjå at ho hadde, og dermed gjekk skotet og ungkolla datt. Då skotet gjekk såg Espen, som framleis var i Fonnteigen, at fjorkolla slett ikkje var åleine. Tre dyr sprang heimover før dei snudde og for framover att, dette medan bukken trekte ein 300 meter opp og vart ståande der. Dermed er andre dyret på Berge i år i boks.

Trygve med fjorkolla