[ Tilbake ]

Nyestolen i Storali 1. oktober 2009
 

Så vart omsider været nokonlunne bra, Jaktlysta kribla og Ove fann ut at han ville ta seg ein tur på Berge. Han reiste ut i halv 5- tida på ettermiddagen og kom opp til stolen omtrent kl halv 6. Han hadde ikke vore lenge i stolen før han høyrde ein bukk som brøla høgt oppe. Ove ville no prøve å brøle han og for å sjå om han kunne lokke bukken nærare. Etter ein form for brøl av Ove så høyrde han at bukken svarte og kom nærare. Ove brølte ei gong til og no brøla bukken berre noko over 100 meter frå stolen. Etter nokre sekundar tykte Ove han såg noko som rørte seg ein ca 100 meter frå der han sat. Etter endå nokre sekundar vart bukken viseleg men framleis kunne han ikkje løyse skot då det var for mykje bas i vegen. Nokre sekundar seinare kom bukken klar av buskene og viste breisida til Ove, dermed gjekk skotet. Men bukken ville ikkje legge seg med ei gong så difor vart det eit oppfyljingsskot og bukken velta rundt og kom rusjande ein 30- 40 meter nedover mot Ove og la seg til ro ca 25 meter frå han. No var det å ringe for å få hjelp og Johnny og Trygve kom slik at me fekk bukken ned

Ove og 8-taggaren