[ Tilbake ]

Nordlandselgane til Asle

Asle reiste på elgjakt midt i hjortejakta, dette er sjølvsagt ikkje så rart då me har så fåe hjorteløyver. Det må seiast at jakta hass gjekk veldig bra, han skaut både ku og okse i løpet av veka. Dette på trass av at den medbrakte kokken laga så god mat at dei av og til hadde problem med å motivere seg til jakta. Dei klarte visst likevel til slutt å stå opp om dagane og jammen blei det elg på dei og. Sjølv trur eg at det må skuldast eit eminent arbeid av kokk og sjefsdrivar, skal ikkje nemne namn, men han har drive både restaurant, minitell og feriepark og bur på Barsnes. Etter det ein har grunn til å forstå så skal han ha utvikla ein eigen måte å få losa elgane, han skal visst galant overgå sjølv dei beste grå- og svarthundane me har, og har hatt,  i Noreg.

 

 

Første elgfallet vart ei ku, ho var så skiten at ho måtte vaskast  ;-)

 

Andre elgen til Asle vart ein flott okse