[ Tilbake ]

Øyadn/Tjødnaskrea 15. september 2009
 

I går hadde Ingvard ei artig oppleving borte på Daurmålsmarka, han såg to bukkar som leikeslåst og bada samtidig i ein badedam, på det meste hadde begge dyra alle føtene opp i lufta, dette må ha vore eit syn.  Dette var denne observasjonen som gjorde at Asle og Ove tok turen inn i dag. Først var dei meint å reise inn, så bestemte dei seg for å avlyse turen før igjen Asle ringte Ove og sa at me kanskje skulle prøve oss likevel og at me kom til å angre dersom me fekk høyre at det var dyr der om kvelden og me ikkje var der. Dermed var det gjort, dei tok turen til Fjærland. Vel inne posterte Asle ved Merkjesgarden og forholdsvis langt inne mot fjellet, medan Ove posterte fremst hjå Ingvard.

Randi hadde ikkje sett noko dyr denne dagen men me satsa på at det ville kome eit eller fleire til oss likevel. Litt før kl 20 kom det eit dyr framover mot Asle men dette stoppa diverre opp. 5 minuttar etterpå kom det tre bukkar gåande forbi Ove, han skaut den første bukken, ein 6-taggar. No var det for Ove å hente Asle med bilen oppe på Daurmålsmarka, då dei returnerte ned att i Øyane såg dei kolle og kalv midt utpå bøen ved Arnfinnskrea, og framleis var det godt skytelys! Asle spurte om me skulle prøve oss på desse og, men kom sjølv til at det kanskje holdt med eit dyr så pass seint på kvelden, og godt var det, me var ikkje heime att før kl 11:30.

Ove og 6-taggaren