[ Tilbake ]

Tormodsplass 10. september 2009
 

Nesten heile jaktlaget reiste grytidleg inn  i Supphelledalen den 10. om morgonen. Randi hadde sett dyr i Beitabakken/Daurmåla og plan om korleis jakta skulle skje blei lagd. Tormod gjekk opp på plassen sin, Trygve kikra ei stund oppe hjå Pekka medan Asle sat i Vetleløa. Etter ei tid gjekk Trygve bort i Daurmåla for å prøve å løyse dyra. To dyr for fram og opp Beitabakken, det eine dyret såg Tormod berre øyrene på medan det andre kom rett mot han og datt pladask. Spissbukken var ikkje av dei største; 48 kg, men jakta fekk iallefall ein god start i år og!

Tormod og spissbukken