[ Tilbake ]

Tormodsplass 24. november 2008
 

Kl 11.36 i dag tikka det inn ein SMS til Ove, i den stod det at Randi hadde sett ei kolle eller ein spissbukk som kvilte i Beitabakken. Problemet vårt var at me var på jobb til kl 15.30 og at det difor vart for seint å jakte. Det kom fleire SMSar i løpet av nokre timar og me fekk no også greie på at dyret kanskje kunne vera skamskote då det ofte løfta opp den eine framfoten. Då fann me ut at me måtte prøve å få has på dyret og  køyrde difor inn. Ivarfabro fekk beskjed om å kome seg bort til Glepsepøyla og  opp til Tormodsplass. Då me kom til Skarestad kl 16.00 var Ivarfabro nett komen på plass. Tormod og Ove køyrde bort på Daurmålsmarka, lada opp og gjekk/sprang framover mot Beitabakken, det gjekk som me håpa, dyret sprang opp Beitabakken og fram under Hamralaget. Det gjekk eit skot og kolla/spissbukken, som skulle vise seg å vera ein kalv, vart felt. Dyret var skada i eine kneet men ikkje av skot, det virka som om det hadde treft ein streng eller noko liknande og hadde skada seg. Kneet var hovent, me kontakta difor veterinær for å høyre om me kunne bruke det til mat. Gunnar Hofslundsengen sjekka lunge og lever og sa dette dyret var det heilt trygt å ha det til mat. og bra var det for oss.

Kollekalven og Ivarfabro