[ Tilbake ]

Ali 22. november 2008
 

Heile jaktlaget, inklusiv Ivarfabro, skulle i dag jage Ali. Medan me var framme hjå Randi og Ingebrigt ringte telefonen deira, Ove sa det sikkert var Ingvard som ringte og som ville fortelje at han hadde sett dyr. Tru det eller ei, det var han som ringte og han fortalte at det gjekk dyr eit godt stykke over husa, nærare bestemt over dei øverste granane hass. No var det ned på Neset for å sjå om me kunne sjå dyret. Vel nede såg me ei kolle som gjekk relativt høgt oppe over Ali, men me hadde på førehand bestemt oss for å jakte Ali og slik blei det. Trygve og Ove gjekk opp i granfeltet og hadde nok ikkje gått meir enn 50 meter opp då Tormod kom inn på radioen og sa: "Ivar det går ein bukk mot deg". Det gjekk eit par minuttar så smalt det og 8-taggaren var vår. Kolla vart det ikkje gjort noko forsøk på å få, det held lenge med eit dyr med så korte dagar som det no er. Me får heller prøve oss på kolla, eller andre dyr, i morgon.

Ivarfabro og 8-taggar frå Ali