[ Tilbake ]

Hesjebakkane16. november 2008
 

Tormod og Ove reiste inn i Supphelledalen i 9-tida for å jakte med Ivarfabro. Me byrja nede på Neset, Ove gjekk opp granane, utan rifle, for å sjå om han klarte å løyse ut dyr til Tormod og Ivarfabro, dei hadde postert i Ali og på Knubben. Ove såg bukk på vegen opp men den for heim og ned til Anders. Etter dette vart det jag til Brehaugane, Tormod posterte i Holene medan Ivarfabro gjekk opp til furua og fram, medan Ove tok den neste delen av Brehaugane, også dette var resultatlaust. Etter dette sette Tormod seg til å kikre andre sida av dalen og der såg han ein bukk godt oppe på Kvernhushammaren. Ivarfabro gjekk over elva og heim til han fann ein lageleg plass, Ove gjekk over brua ved Fjellstødl og opp til Kvednhushammaren. Heile tida kikra Tormod til oss slik at me til ei kvar tid visste kva bukken føretok seg. Ove gjekk heimover og vidare oppover og var på det næraste 20 m frå bukken utan å kunne sjå han. No byrja bukken å gå endå høgre opp og lenger heim. Tormod gav Ivarfabro beskjed om dette og fekk då til svar "perfekt". Det tok si tid men til slutt fekk Ivarfabro has på bukken. No var det å få bukken ned til elva og få den over. Det byrja å mørkne så det vart på med hovudlyktene. Ei særdeles vellukka kikkert jakt, der alle gjorde manns jobb.

Ivarfabro med 8-taggaren