[ Tilbake ]

Øyestødl 13. november 2008
 

I kveld skulle Ivarfabro kome å vere med på jakta ei tid frametter, Ove reiste difor inn og ville prøve måneskinnsjakt med han. Ivarfabro posterte i Ivarfabrobua medan Ove sette seg inn i Vetleløa. Etter å ha sete i Vetleløa fram til nærare kl 12 ville Ove tenkje på å gje seg for kvelden, dette då det hadde vore jakt natta før, og difor lite med søvn.

Ove sa til Ivarfabro at han ville stoppe nede på Neset for å sjå om det var dyr der før han for heim. Ove gjekk opp i tårnet og sat der ein 20 minuttars tid. Ingen dyr å sjå og Ove klatra difor ned igjen og gjekk mot bilen. Då han var komen nesten i bilen vart Ove vâr eit einsleg dyr som kom framover frå Oddvar. No var det å lade opp att i ein fart for så å springe bort på brua. Kolla stoppa like før den kom fram til brua, Ove fraus fast og etter ei lita stund byrja kolla å gå vidare framover. Då den var komen fram til brua datt kolla og me hadde skote det første dyret for året på Neset.

Ove med Øyestødlkolla, ikkje noko bra bilete men betre blei det ikkje diverre