[ Tilbake ]

Vetleløa 12. november 2008
 

Sist natt reiste alle fire i jaktlaget inn i Supphelledalen for å jakte i måneskinn. Me posterte jamt utover,  Tormod i Kvannskrea, Trygve i Vetleløa,  Johnny i Ivarfabrobua og Ove i Bjødleskrea. Tormod såg relativt tidleg to dyr ikkje så langt frå der han låg. Desse hadde me tenkt å prøve oss på dersom det vart resultatlaust på posteringsplassane våre. Nærare kl 01 gjekk det to skot, spaninga var stor om det var ein av oss eller ein av naboane som hadde skote. Etter nærare 5 minuttar kom Trygve innpå og fortale at det låg ein stor bukk på marka like ved han. Dermed var 12-taggaren felt og me hadde ein viss jobb føre oss. Dette er den største bukken me har felt på måneskinnsjakt så langt. Så var det å kome seg heim for å sove nokre få timer for så å reise på jobb.

 

Trygve med måneskinnsbukken