[ Tilbake ]

Fonnteigen/Storali 19. oktober 2008
 

Asle, Tormod og Ove tek ein tur inn på Berge i 3-tida på søndag. Ove gjekk opp i Nyestolen medan Asle og Tormod gjekk opp til Heimastødl. Etter å ha kikra lia ei tid såg Asle og Tormod ein bukk som stod relativt høgt oppe. Tormod kryssa elva medan Asle vart verande att for å hjelpe Tormod med kikringa. Bukken var ikkje vidare samarbeidsvillig så til slutt ga Tormod opp dette prosjektet. No gjekk han vidare i retning Midtstødl. Han hadde gådd ca 10 min så small det og ein 8-taggar datt. Dette var ikkje den same bukken som han før hadde prøvd på i over ein time. No var det for Tormod å vomme ut med sløv kniv for så å gå til Midtstødl og returnere ned att til bilen og heim. Planen var at bukken skulle hentast dagen etter men dette gjekk ikkje då det om natta og neste dag blei eit forferdeleg regnvêr, noko som gjorde at ein ikkje kom seg over elva og opp til bukken. Bukken blei difor ikkje henta før i dag den 21., men det har vore varmegrader sidan bukken falt så kjøtet er likevel veldig bra.

Me har hatt tørke i jakta i 14 dagar så det gjorde godt med eit bukkefall, sjølv om det denne gangen skulle vise seg å vera vanskelegare enn normalt å få bukken med seg heim  :-)

 

Tormod og bukken