[ Tilbake ]

Strunka 4. oktober 2008
 

Tre mann, Trygve, Tormod og Ove, reiste inn i Supphelledalen fredagsettermiddag. Tormod og Trygve reiste opp på Fjellstødl medan Ove vart verande att nede for å jakte på bøane. Ikkje nokon av dei såg dyr om fredagskvelden, rett nok høyrde Ove nokre bukkar brøle heimover i dalen men det var og alt.

Laurdagsmorgonen gjekk Tormod opp til Strunka medan Trygve kryssa elva og gjekk opp til kikresteinen til Ove. Slik skulle Trygve kikre for Tormod og Tormod kikre til Trygve.  Etter ei tid kom det ein einsleg bukk noko nedom Tormod, Tormod talte taggane og fann ut at denne ikkje var av dei største og dermed skaut han bukken som datt for eit velretta lungeskot. "Hadde det vore ein 12-taggar så hadde han fått gått", sa han. Det skulle vise seg at bukken, på trass av at det "berre" var ein 8-taggar, var noko tyngre enn det ein trudde.

 

Strunkebukken til Tormod