[ Tilbake ]

Mikkelstødl 20. september 2008
 

Tormod og Ove kom inn på Fjellstødl i 4-tida laurdagsettermiddag. I 6-tida gjekk Tormod opp til Mikkelstødl medan Ove posterte på elvabråtet ved Storegranden. Tormod såg snart kolle+kalv, men desse var ikkje innan skyteavstand så han låg berre å venta for å sjå om det kom fleire dyr innpå stødl. Ein times tid etter kom det ny kolle+kalv innpå og desse var det fint hald på. Tormod skaut kalven medan kolla fekk gå, dette skuldast enkelt og greit at Ove ikkje kunne bere kjøt og med berre ein mann så held det lenge med ein kalv. Tormod drog kalven ned til Fjellstødl, der me skinna han. Etter det batt Tormod fast kalven på ryggsekken og bar den så ned til Heimastødl.

Ein episode frå søndagsmorgonen; då me stod opp i 6-tida såg Ove ein mår som gjekk rett utanfor hytta, den åt på restar som me hadde kasta ut kvelden før. Tormod meinte at dette nok var den einaste måren som lukta kvitløk i Norge og at han skulle vera glad det ikkje var paringstid, då han trudde at dei andre mårane ville sky han som pesten :-)

 

Mikkelstødlkalven og Tormod