[ Tilbake ]

Stolen 17. september 2008
 

Etter ein tur i utlandet kom Asle heim på tysdag. Resten av jaktlaget fekk melding frå han om kvelden der han spurde om det var interesse for ein Berge tur i kveld (onsdag 17.9). Asle og Tormod reiste inn på Berge på ettermiddagen. Asle gjekk omlag 150 m over nyestolen over Frudalstunnellen. Etter å ha sete ei tid blei Asle vâr ein kvist som blei knekt, etter ei stund kom det ei kolle beitande mot han. Asle venta i 5 min for å sjå om ho hadde kalv med seg, det hadde ho ikkje og Asle skaut på veldig kort hald. For å vera sikker på at kolla ikkje hadde kalv sjekka han juret, dette var turt.

 

Asle med Bergekolla