[ Tilbake ]

Fonnteigen 11. september 2008
 

På ettermiddagen i dag reiste Tormod og Johnny inn til Berge. Tormod gjekk opp til Heimastødl for å kikre Storali medan Johnny gjekk opp over tunnelltaket og opp til stolen. Det kom eit dyr mot Johnny men det skifta retning og vart difor umuleg for han å felle. Tormod såg etter ei tid ei einsleg fjorkolle som stod noko opp i Fonnteigen. Tormod gjekk ned mot elva men haldet var uforsvarleg langt så han trekte seg opp att på Heimastødl. Etter ei god stund, då det stunda mot kveld, oppdaga Tormod at fjorkolla hadde trekt mykje lenger ned, no vart det ny tur ned mot elva og denne gangen var haldet perfekt. Kolla datt for eit velretta hjarteskot.

 

Tormod og Fonnteigfjorkolla