[ Tilbake ]

Ali 30. november 2007
 

Tormod gjekk opp over husa til Ingvard og gjennom granene. Då han gjekk ut av granskogen øverst oppe såg han ferske far etter eit stort dyr. Tormod fylgde no dette faret, det bar i retning av ei alm som han visste hadde falle overende i dette området. Då han kom fram til almen fann han ferske far etter eit mindre dyr, dette faret valde han å fylgje. Etter å ha følgt det nye faret i 5 minutt vart spissbukken felt på 50 meters hald. Deretter var det for Tormod å få dyret åleine ned til tuns, tung nok det når ein ikkje har med seg kniv slik at ein kan vombe ut dyret.

 

Tormod og spissbukken