[ Tilbake ]

Sjøjag på Berge 30. november 2007
 

Tre mann, Arne, Johnny og Ove reiste inn til Berge i 12-tida. Arne og Johnny posterte over tunneltaket på Bergstunnellen medan Ove skulle gå inn heilt nede ved sjøen og prøve å kome seg innover og forbi dei inste granane. Det tok si tid før Ove kom seg inn så langt han skulle då det var relativt mykje snø å gå i. Vel inne ved dei innerste granane byrja Ove å ta seg opp i terrenget. Han hadde ikkje klatra/gått så langt opp før det gjekk eit par skot. Johnny kom innpå VHFen kort tid etter og sa han hadde skote ei kolle. "Plutseleg" sa Johnny, "så var det hjort overalt". Frå jaget til Ove kom det opp 7 dyr; koller/fjorkalvar og kalvar! Arne sat 60 m frå Johnny, han såg ikkje eit einaste dyr.

 

Arne. Johnny og fjorkolla