[ Tilbake ]

Fremstamarki 2. november 2007
 

Ove kunne tenke seg morgonjakt og ringde difor resten av jaktlaget for å høyre om nokon av dei andre kunne tenke seg å vera med. Johnny hadde  lyst så me reiste inn og kom fram i Supphelledalen kl 6 om morgonen. Johnny sette seg i tårnet på Neset medan Ove sette seg i Vetleløa. Tida gjekk og ingen dyr kom tilsyne, så litt før kl 8 vart dei eininge om å avblåse jakta. Ove skulle køyre ned å hente Johnny men før det så hadde Ove lyst å køyre framom husa for å sjå om det stod dyr der, og det gjorde det. Det blei på rygging nesten heilt tilbake til fjøsen. Deretter var det å pakka ut att rifla, som var komen i futteralet, og så springe fram til Lassebakksteinen. Ove gjekk opp på steinen og der stod bukken framleis. Ove skaut men bukken byrja springe mot skogen, no var det greit å lade raskt og sette endå eit skot til i den. Det skulle vise seg at det første skotet hadde vore nok, men har ein først skote på eit dyr så er det om å gjere å få det ned så fort som muleg. Bukken var ikkje av dei største, 6-taggaren vog 63kg og var heilt utan feitt.

 

Ove med 6-taggaren

Johnny i full gang med dyret.