[ Tilbake ]

Strunka 20. oktober 2007
 

Tormod og Ove reiste inn til Supphella den 19. om ettermiddagen. Tormod prøvde Ali medan Ove sat i tårnet på Neset. Ingen såg dyr denne ettermiddagen/kvelden og då mørket kom gjekk dei på lys opp til Fjellstødl. Kl 07:00 var det ut på jakt igjen, Tormod gjekk opp på kikresteinen ved starten på Strunka medan Ove kryssa elva og gjekk opp til kikresteinen rett ved sida av Arnesteinen. Ove byrja å rydde i noko buskas og då han snudde seg stod det ein bukk 15-20 m frå han og kikka ned på han. Akkurat då hadde ikkje Ove noko anna enn ei sag i hendene, og ein skal jo vera god om ein klarar å felle ein bukk med den.

Etter dette byrja dei å kikre til kvarandre og etter ei tid såg Ove at det stod dyr framom og over Tormod, Ove gjorde så godt han kunne og dermed fekk Tormod felt to fjorkoller, dette medan bukken, ein 12-taggar, heile tida stod og såg på seansen, han gjorde ikkje teikn til å ville reise men til slutt etter ein 5-10 minuttar, fann han ut at han kanskje kunne spasere vekk frå arenaen, var ikkje mykje hastverk å spore der!

Etter dette var det å begynne å få hjortane ned til Storegranden, dette gjekk greit og hadde gått heilt fint hadde det ikkje vore for at tauet me hadde for å fire ned kollene, viste seg å vera delvis rote. Det blei litt knall og fall ned hamrane og kjøtet fekk seg nokre smellar, men alt i alt så gjekk det nokonlunne bra. Tormod skaut dyra litt føre kl 11:00 og ferdig med hjortane og heimkomen var meg i halv ni tida. Ein lang dag, men gutta liker det (fritt etter Hjalmar Fureli).

 

Kikraren, jegeren og kollene