[ Tilbake ]

Endrefjellet 13. oktober 2007
 

Espen og Trygve reiste til Berge for å overnatte i telt på Endrefjellet og på Fjellstølen frå fredag til laurdag. Veret var bra. Trygve såg to dyr beitande på Legdene om kvelden, men dei kom ikkje nær nok før det vart mørkt.

Laurdag morgon kom Tormod, Johnny og Asle inn for å delta. Tormod gikk høgt i Hovdali for å kikre og Johnny og Asle byrja å jage framover Storali. Klokka 8.30 gikk det skot på Endrefjellet og Espen hadde lagt ned ein flott 6-taggar – tredje bukken på 3 år. Dyret var sikkert løyst av Tormod. Espen slakta åleine for første gong medan dei andre karane omposterte for å ta imot dyr i Storali – Tormod i Gapahuken og Trygve på Legdene. Johnny og Asle løyste kolle og bukk. Bukken for fram og mot Fjellstølen. Deretter gikk Tormod på Endrefjellet for å poste saman med Espen medan resten jaga Bukkali. Det kom opp 6-taggar, men bukkekvoten er fylt, så den fekk gå.

Så vart det partering og bering. Flott jaktdag.

 
 

Espen med 6-taggaren sin