[ Tilbake ]

Raunehaugslia 10. oktober 2007
 

Tormod og Ove reiste inn i Supphella etter arbeidstid onsdag. Tormod og Ove fekk fortalt at bukkane hadde brøla heile dagen, men då dei kom inn var det stilt, rett nok meinte Ove han høyrde ein bukk lengre opp i lia enn der dei hadde stått tidlegare om dagen. Tormod ville prøve seg på bukken medan Ove ville fram på Fremstemarka for å freiste lukka der.

Det skulle ikkje gå så altfor lang tid før det gjekk eit skot. Tormod hadde burt og etter ein minutt kom bukken på 40-50 meters hald og dermed var bukken sine dagar talde. Til Ove kom det berre ein rev denne kvelden men den lever nok framleis i beste velgåande

 

Tormod med 6-taggaren sin