[ Tilbake ]

Endrefjellet 10. oktober 2007
 

 Asle og Trygve reiste opp tidleg denne dagen for å sette opp telt/gapahuk på Endrefjellet. Då Asle kom til Midtstødl losa han ein 6-taggar som tok retninga opp mot Endrefjellet. Asle rusla vidare opp og stod i stien då han vart vâr ein bukk som stod høgt oppe i lia i området Hovdali/Endrefjellet. Haldet var langt så Asle blei ståande i stien medan bukken såg ned på han. Etter ei stund gjekk bukken inn i nokre busker og dermed nytta Asle høve til å bevege seg lenger framover. Asle la seg til så slik at han hadde god oversikt over myra. Det gjekk nokre minuttar så kom ei kolle og ein kalv inn på myra, rett etter kom storbukken jagande med ein anna bukk for deretter og kome opp til kolla og kalven. Dermed datt 12-taggaren. Denne dagen såg Asle i alt 8 forskjellige dyr, men Trygve meinte det fekk halde med å skyte ein 12-taggar på ein dag. Teltet fekk dei forresten ikkje tid til å sette opp.

 

Asle med Endrebukken, vekta på bukken var 130 kg.